Meldingar og hjelpefiler på nynorsk til PGP 2.6.3i - LANGUAGE.NN og NN.HLP ----------------------------------------------------------------------- Endeleg kan du bruke PGP på *ekte* norsk - og sleppe å sjå at det heslege dansk-norske imperialistiske bokmålet forsøplar skjermen din! :) Eg kan diverre ikkje garantere at alt er 100% rett. Det er sikkert andre som kan nynorsken sin betre enn meg, blant anna dei som bur i "nynorskland" og hadde nynorsk som hovudmål på skulen. Dessutan har vi den aldri sovande trykkfeilsdjevelen... Eg har brukt Ståle Schumachers bokmålske omsetjing som ein slags "mal", men eg har prøvt på ei meir ærleg omsetjing av dei engelske meldingane der bokmålet er meir pragmatisk orientert. Det er no stort sett valfritt om ein skal bruke e- eller a-endingar i infinitivar. Eg har brukt e-endingar konsekvent, fordi eg synast det passar betre med mi eiga dialekt (der vi har fullt bortfall av endingane). Til alle dei som likar a-ane sine betre: Orsak! Men det er så mange forskjellige måtar å skrive nynorsk på at eg ikkje kan gjere alle nøgd. Oppkonstruerte språkråd-norske datauttrykk er unngått, og erstatta med uomsette ord, for å freiste å få eit mest mogleg naturleg og levande språk. Mvh, Arnt Richard Johansen